Bergens bylov og andre bylover i Noreg

Brage Thunestvedt Hatløy

Bylova av 1276 kjenner me frå Bergen (Bjørgvin), Trondheim (Nidaros), Oslo og Tønsberg. I tillegg er eitt seinare manuskript tilpassa Stavanger. I dag har me flest manuskript av bylova for Bergen, og me veit ikkje kor mange som har gått tapt. Det er då usikkert om fleire andre byar kan ha hatt ei bylov.

Kart over Norge
Politiske sentrum i Noreg på mellomalderen

Bylovene er skrivne slik at dei er tilpassa den byen og regionen den skulle virke i. I Bergen si Bylov finn ein til dømes ei grundig skildring av dei spesifikke allmenningane og torga i Vågen samt fleire av byens kyrkjer. I Bylova for Bergen står det at byen skal ha lagting i Mariagildeskålen, medan i same regel for Tønsberg står det Olavsgildeskålen og for Trondheim Krossgildeskålen. Utover slike tilpassingar til dei ulike byane sin geografi er derimot lovene i all hovudsak like. Det er ein teknikk lovgivar også nytta for Landslova av 1274.

Frå tida før Bylova har berre den eldre Bjarkøyretten for Nidaros overlevd til i dag. Det gjer at det er mykje me ikkje veit om korleis ting var i dei andre byane før Bylova av 1276. Truleg var det eldre bylover også i dei andre byane, og dei kan ha vore særs ulike. På landet veit me at det kunne vere store skilnadar mellom dei ulike regionane i tida før Landslova av 1274.

Mangelen på eldre bylover gjer det også vanskeleg å seie om Bylova var særs lik eller ulik eldre rett. Det har vore hevda at Bylova av 1276 kan ha vore basert på Bergen sin eldre byrett, og at den nye Bylova for Bergen fungerte som utgangspunkt for dei andre byane, men det manglar ein kjelder for å vite sikkert.

Utdrag fra Bergens Bylov i Holm perg 34 4to.
Um garða, hversu vera skulu. («Om gardar, korleis de skal vere.») – Utdrag frå Bergens Bylov i Holm perg 34 4to (77r, l. 12-21) som beskriv korleis gater, brygger, almenningar og gardar skal setjast opp.