Small logo

Bylovsjubileet
1276–2026

Magnus Lagabøtes Bylov i 750 år

Digital utstilling ved Universitetet i Bergen

Byen har sidan antikken vore den viktigaste ramma for organisert samfunnsliv. Som sentrum for handel, handverk, kultur og politisk fellesskap blei den eit symbol på det vi i dag kallar sivilisasjon. Denne samahengen blir òg gjenspegla i språket: Det greske ordet πολιτισμός (politismos), kultur eller sivilisasjon, er avleidd av πόλις (polis), omgrepet som definerer by og bysamfunnet siden antikkens Hellas. Byen var ikkje berre ei samling hus og gater, men eit organisert samfunn regulert av lover og institusjonar.

Gjennom antikken utvikla både dei greske bystatane og seinare Romarriket lovverk som regulerte bylivet. I Europa i mellomalderen var situasjonen ofte annleis. Mange byar mangla eigne lover tilpassa dei særlege utfordringane og moglegheitene som følgde med eit tett og veksande bysamfunn. Etter kvart som byane utvikla seg som sentrum for handel, handverk og administrasjon, oppstod trongen for reglar som regulerte eigedom, marknadshandel, brannsikkerheit, offentleg orden og forholdet mellom innbyggjarane i byen.

Også i Noreg blei denne trongen tydeleg alleie i vikingtida. Bjarkøyretten og spora av eldre byrettslege føresegner som kan finnast igjen i kjeldene frå epoken etter Magnus Lagabøte sine lovreformer, vitnar om nettopp dette. Under Håkonssønene sitt dynasti på 1200-talet styrkte kongemakta gradvis grepet sitt om dei lokale myndigheitene. I 1274 let kong Magnus Håkonsson utarbeide ei felles landslov for heile riket, den tredje tidlegaste landsdekkjande lovsamlinga i Europa. Landslova var likevel først og fremst utforma med tanke på bygdesamfunnet og tok ikke fullt ut høgde for dei veksande byane sine særlege behov.

Derfor var det trong for å samle tidlegare lovgjevingar for byane under ei felles bylov og det var Bergen som fekk den første eigne bylova i 1276. Her blei reglar om bygardar og gater, handel og handverk, brannvern, hamneverksemd, bystyre og offentleg orden samla i eitt lovverk. Seinare blei tilsvarande lover gjevne til dei andre norske byane. Magnus Lagabøtes bylov kan sjåast som eit sivilisasjonsprosjekt i den opphavelege betydninga av ordet: eit forsøk på å skape ein betre ordna, tryggare og meir velfungerande by. Når vi i år markerer 750-årsjubileet for Bylova av 1276, markerer vi ikkje berre eit betydningsfullt juridisk dokument, men òg eit viktig kapittel i utviklinga av det norske bysamfunnet.