Omskrivinga av bolkar i Bylova
Bylova er delt opp i tematiske bolkar, som var vanleg for norske mellomalderlover. Bolkane ein finn i Bylova er tydeleg baserte på dei ein finn i Landslova, som kom berre to år tidlegare. Bylova har til saman åtte bolkar, og i tillegg kjem Farmannalova og heilt til slutt konganes rettarbøter. Dei åtte bolkane er:
- Tingfarebolken
- Kristendomsbolken
- Landvernsbolken
- Mannhelgebolken
- Arvebolken
- Byordninga
- Kjøpebolken
- Tjuvebolken
Byordninga er ein bolk ein berre i finn i Bylova. Den kjem i staden for Landslova sine reglar om eigarskap og leige av fast eigedom i Landbrigden og Landsleigebolken. Byordninga regulerer særskilde forhold i byane, sjå nærare her.
Alle dei andre bolkane er i stor grad i samsvar med Landslova. Lovene er så like at i mange handskrifter er store delar av lova tatt ut fordi det er overlapp. Lesaren vart oppmoda til å sjå til dei aktuelle reglane i Landslova, som ofte var til stades i same lovbok. Det var dermed like lover på sentrale rettsområde som religion, arv, ekteskap, vald og tjuveri. Men det eksisterer også skilnadar, då samfunnslivet var noko annleis i dei tettbygde byane.
For det første finn me andre aktørar i byane enn på landet. I Bylova talar ein om husbønder og gårdsleigarar, i staden for bønder og jordleigarar. I byen finn ein også gjaldkeren, ein særskild kongeleg ombodsmann for byane som ofte kjem i staden for eller i tillegg med andre kongelege ombodsmenn, [lenke til eigen tekst]. Forholdet mellom desse aktørane var også annleis, som ein mellom anna ser i Landvernsbolken.
For det andre hadde byane eigne institusjonar. På landsbygda spelte dei ulike lokale og regionale tinga særs viktige roller i rettslivet. Og medan byane hadde eigne byting [lenke eigen tekst], så hadde byane også eit særskild bymøte [lenke eigen tekst]. Fleire stadar viser Bylova til bymøtet der Landslova viser til tinget.
Til slutt hadde Bylova og byene eigne særskilde rettsprosessar. Dette ser ein særleg i Kjøpebolken, som dreier seg om handel, avtalar og pengekrav. Medan denne bolken i utgangspunktet har store likskapar med Landslova sin Kjøpebolk, så har den ei annleis organisering og mykje ulikt innhald. Særleg gjeld dette den økonomiske garantien som vart kalla «tak», og taksetjing og å «krevje tak» spelte ei viktig rolle i reguleringa av handel i byane. Dette medfører viktige skilnadar samanlikna med Landslova, som i mindre grad nyttar denne prosessen.