Byordninga i bylova

Arne Solli

Byordninga (Byskiping) er sjette del av Bylova og er særskild for den. Byordninga har ingen tilsvarande del i landslova for det er ingen del kalla «Landsordning» i landslova. Elles har landslova og bylova same oppbygning i delar, men der skilnadane på by og land er i hovudsak på kapittelnivå. Bylova har t.d. eigne kapittel i tingfarebolken som gjeld organisering av tinget og retten i byen.

Byordninga har 18 kapittel som regulerer organisering og administrasjon, vakthald, byregulering (gater), byeigedom, vareproduksjon og omsetning, brannvern og hamn. I moderne språkbruk er byordninga kommunelov, plan- og bygningslov, omsetningslov, brannvernlov og hamnelov.

Ein del av kapitla må lesast i samanheng med andre delar av bylova, og i omtalen av dei ulike kapitla vil desse trekkjast inn etter behov.

Organisering og vakthald (1–3)

Kapittel 1–3 tek utgangspunkt i jula og særskilde reglar for Julefreden og der kapittel 3 går detaljert til verks omkring vakthaldet i byen. Kapitelet kan reknast som ein vaktinstruks sidan den blei tilpassa dei enkelte byane i eigne byversjonar av bylova. Kapittel 1 må lesast i samanheng med tingfarebolken som saman har reglar for organisering av bymøte og byting. Bymøtet 22. desember legg grunnlaget for neste år gjennom utpeiking og val, medan bylagtinget tidleg i Januar (etter Julefreden) var årets sentrale rettsmøte i byen.

Plan og bygningslov (4–6, 13)

Kapittel 4–6 og 13 har element frå plan- og bygningslov. Kapittel 4 regulerer forholdet mellom privat eigedom, hus og bygningar, og areal for allmenn ferdsel: Gater, brygger, allmenningar og veiter (smug). Kapitelet set minstekrav til gatebredde (allmenningar, veiter). Kapitlet skal primært sikre areala for ferdsel, for om nokon byggjer huset innover dei regulerte areala, kan huset kortast ned ved å huggast av.

Kapittel 5 regulerer omsetning (kjøp og sal) av fast eigedom garder, hus og tomter. Kapittel 6 regulerer forholdet mellom huseigar og tomteeigar. Kapittel 13 gjev fleire reglar for ferdselsareal, og brotsverk som gjeld hus og fast eigedom.

Brannvern (kap 9–12).

Kapittel 9, 10, 11 og 12 omhandlar alle brannvern på ulike måtar. Både brannhindrande tiltak, inspeksjonar og kontroll, plassering av brannfarlege handverk og tenester (badstover). Bybuarane sine plikter i tilfelle brann, krav til utstyr (kar, brannhaker) og straffereaksjonar om ein ikkje deltek i sløkkingsarbeid eller manglar nødvendig utstyr til sløkking.

Arbeidsmiljølov og husleigelov (7 og 14)

Kapittel 7 set reglar for forholdet mellom husbonden og arbeidsfolk (tenarar), og i tillegg er husleige tema, jf. Også kapittel 14 har husleigeproblematikk som tema.

Produksjon og omsetning (8 og 16)

Kapittel 8 er ein detaljert gjennomgang av den fysiske plasseringa av ulike handverk, skomakarar, bøkkarar (tønnemakarar), kammakarar, brynjemestarar og sadel-makarar m.m. Plasseringa tek gjerne praktiske omsyn avhengig av både ressursar (tre, jern, tekstil, hud) og marknad. Kistesnekkarar (gravkiste) var plassert nær Mariakyrkje-garden. På torget kan ein omsetje kva ein vil, med få unntak (store og tunge varer som kvernsteinar og skip). Kapittel 16 forbyd direkte omsetning frå skip, og at varer skal omsetjast frå hus eller på torget.

Hamnelov (kap 15, 17 og 18).

Siste del av bylova er hamnelov. Kapittel 15 gjev reglar for kvar skip kan leggje til og om lasting og lossing. Skip skal leggjast med stamnen mot brygga, slik at dei ikkje tek opp all plass for andre. Når eit skip er ferdig lossa eller lasta, skal det flyttast ut på vågen, for å gje plass.

Skipsdraging (kapittel 17) var velregulert, og bakgrunnen var denne: Lasting og lossing skjedde både i fjøra (stranda, øyra) og langs brygger. Skips som skulle lastast og lossast i fjøra (stranda, øyra) måtte dragast både på land for lossing, og dragast av land etter lasting. Alle kjøpmenn i byen hadde plikt til å møte til skipsdraging når det blei signalisert ved blåsing i horn. Unntaka for møteplikt var få og spesifiserte (sjuke familiemedlemmar).

Kapittel 18 gjev særreglar for utlendingar som lossar i byhamna.

Farmannslova regulerer same lovområde som desse tre kapitla. Medan bylova har byens perspektiv, har farmannslova i større grad skipperen og sjøen som perspektiv og kontekst.

Kommuneforvaltning og byråkrati

Sidan forvaltninga av mange av desse lovområda dei siste 150 åra har lege til byen og bykommunen har det byordninga ofte blitt omtalt som ein kommunelov eller kommuneforfatning (Nielsen 1877, Helle 198z). Men i høve til nyare kommunelovgjeving manglar eigne kapittel for organisering av byens styre, administrasjon, organisering og byråkrati. Dette er også omtalt i bylova, men spreidd i fleire kapittel og underkapittel, både i byordninga og tingfarebolken. Dette gjeld ombod- og tenestemenn som Gjaldker (byfut), syslemann, lagrettemenn og nemndemenn. Sameleis Institusjonar som byråd, byting og bymøte, som har faste regulære møter og møtestader. Mange av lovreglane føresette kontrollar, personar med kontrollfunksjonar (gjaldker), oppsyn og administrasjon og byråkrati (skrivar). Nokon måtte blåse i hornet for å kalle inn til skipsdraging eller bymøte. Bymøter og byting har faste tidspunkt gjennom året. Vaktmannskap skulle betalast. Skattar, bøter og avgifter skulle innkrevjast. Det er mogleg lovgjevar undervurderte kva bylova innebar av funksjonar og oppgåver for å forvalte lova på best mogeleg måte.

Europeiske parallellar

Bylova er prega av tre ønske med sterk utøving av kontroll. Det eine er lovgjevars ønske om å sikre fellesareal til lands og vanns, gjennom byregulering, planlegging og arealforvaltning. Dinest trygge innbyggjarane mot kriminalitet, brann og åttak. Og for det tredje i relativt stor detalj sette fysiske grenser for både vareomsetjing og produksjon.

Desse kontrollerande mekanismane har også anna samtidig lovgjeving. I Lübeck-retten (1226) hadde byrådet større makt enn dei norske byråda, men på same måte sikra Lübeck-retten byens eigne kjøpmenn ved losse- og handelsreglar for innkommande skip. Brannvern skulle sikrast bygningsmateriale, særleg for tak og vegger (murstein og tegl). For å hindre brann hadde Londons bygningslov (Assize of Buildings) frå kring 1200 reglar for type bygningsmateriale (stein, tegl) og særskilde byggeforskrifter der ein nytta open eld som i bryggehus og bakeri. (Visbys bylov har også reglar for felles plikter («dugnad») tilsvarande skipsdragninga i bylova.) Soneinndelinga (handverk) har ein parallell i Livre des Metiers for plasseringa av handverk i Paris. Og til slutt vakthald, nattevakt og portforbod finn i dei italienske bystatutta (Statuti Communali) frå 1200-talet.

Kjelder

The London Assizes of 1189 and 1212

Lübisches Recht

Paris Livre des Métiers (1261)

Visby stadslov

  • Konrad Maurer, 1878, Udsigt over de nordgermaniske Retskilders Historie.
  • Gösta Hasselberg. 1953, Studier rörande Visby stadslag och dess källor. Mit deutscher Zusammenfassung. [Akad. avh.] Uppsala 1953.

Italienske bystatutt

On this page