Frå bylov til kommunelov
Sjølv om bylova blei fasa ut og erstatta på 1600-talet er det likevel også tydeleg samanheng mellom organa i mellomalderbyen og bykommunane etablert på 1800-talet.
I bylova var byborgarane representert ved byrådet. Byrådet var sjølvsupplerande og hadde ein viss autonomi overfor kongen og kongens mann (gjaldker, byfogd). Byrådet og gjaldker (byfogd) utgjorde byens styre politisk og administrativt. Byrådet rådde over byens segl.
Med innføringa av eineveldet i 1660 blei byrådet omdøypt til Magistrat. Magistraten blei eit reint kongsutnemnd organ kontrollert av kongen, og miste dermed sjølvstende som eit organ som representerte borgarane i byen. På slutten av 1600-talet tok eit nytt borgarorgan form – «de eligerte menn». Dei eligerte menn skulle både kontrollere (rekneskap, budsjett) og gi råd til dei kongelege embetsmennene som styrde byen. Ordninga med eligerte menn blei avløyst ved formannskapslova av 1837 og etableringa av kommunen. Det er ein tydeleg kontinuitet i korleis byens borgarar har vore representerte: frå mellomalderens byråd, via eineveldets eligerte menn, og fram til det moderne kommunestyret og formannskapet.
Med etablering av kommunar i 1837 (Formannskapslova) kom mange av lovreguleringane som hadde vore i bylova inn under kommunes ansvarsområde. Kommunane fekk ansvar for brannvesen, hamnevesen, planarbeid og regulering. Den folkevalde forsamlinga var kommunestyre og formannskap, og i bykommunane blei administrasjonen kalla Magistrat (til 1922).
Litteratur
- Arne Bergsgård, 1937, Styringa i bygder og byar før formannskapsloven.
- Steinar Supphellen, 1982, Stadsadministrasjon i Norgen på 1700-talet.
- Odd Thorsen, 1946, Borgerlig selvstyre i det gamle Christiania.