Fra Byloven til Formannskapsloven

Brage Thunestvedt Hatløy

Bylova var gjeldande rett for norske byar i over 300 år. Også då Noreg var i union med Sverige og Danmark hadde dei norske byane eigne bylover.

Medan lova i stor grad sto uendra i denne perioden, så vart den supplert med tilleggslover i form av rettarbøter, privilegium og vedteker. Desse vart gitt til kvar einskild by, og Bergen var til dømes gjenstand for ei større rettarbot allereie under kong Erik Magnusson i 1282. Rettarbøter som denne innehaldt gjerne detaljert regulering av handel og kjøpmenn i dei einskilde byane.

Under det dansk-norske eineveldet vart skiljet mellom lovene i byane og på landet oppheva. Dette skjedde først i Noreg med vedtakinga av Christian IVs Norske Lovbog av 1604. Medan lovboka i all hovudsak var ei omsetjing av Landslova til dansk, vart det også slått fast at den skulle gjelde i byane. Medan 1604 på mange måtar markerte ei vidareføring av Landslova, markerte den slutten for ei særskild Bylov.

Byane fortsette derimot å vere gjenstand for særskild tilleggslovgiving. Særleg gjaldt dette kjøpstadar og ladestadar, som hadde særskilde privilegium for handelsverksemd.

Den neste store utviklinga skjedde i 1837, med vedtakinga av formannskapslovene. Då vart det høve for alle tettstadar med formell bystatus å bli eigne bykommunar. Byane vart då styrt etter lov om formannskaper i kjøpstedene.

Byane si særskilde rettstilstand vart vidare svekka utover 1800- og 1900-talet. I 1992 vart skiljet mellom bykommunar og heradskommunar formelt oppheva, og sidan 1995 har det ikkje vore gjort skilje på byar og andre kommunar.