Byens myndigheter etter Bylova

Brage Thunestvedt Hatløy

Bylova skildrar fleire myndigheitspersonar og institusjonar med ulike ansvar og oppgåver. Makta og ansvaret låg i mange situasjonar hos institusjonar satt saman av byborgarane sjølve, som kjøpmenn, handverkarar og eigarar av bygardar. Andre oppgåver vart utførte av embetsmenn oppnemnde av kongen.

Bymøtet var ei forsamling for alle husfaste menn i byen, og hadde vore byanes mest sentrale institusjon frå tida før Bylova av 1276. Bymøtet vart kalla saman ved at det vart blåst i horn som kunne høyrast i heile Bergen, og kvar som hadde ei sak etter lova kunne «krevje horn» og at det vart kalla inn til møte. Bymøtet hadde myndigheit etter lova til å dømme i både straffesaker og økonomiske tvistar, kunne utarbeide lokale vedteker for styringa av byen, og var elles eit viktig offentleg forum.

Byrådet vart innført som ein ny institusjon i norske byar rundt same tid som Bylova. Sentralt i byrådet sin funksjon var å fungere som ein domstol der den lovkyndige lagmannen dømte saman med rådmenn frå byen. Rådmennene hadde også etter lova ulike forvaltingsoppgåver saman med kongelege ombodsmenn, t.d. å sjå til at byens gater var i god stand, at ingen bygde hus på annan manns tomt og at alle hadde lovpålagte våpen. I den viktige oppgåva med å forhindre brann skulle rådmennene kontrollere alle nye omnar, og sjå til at all bruk av open eld som i badstover, bakaromnar og smier skjedde utanfor byen. Ein kan identifisere einskilde rådmenn for Bergen så tidleg som i 1284.

Bylagtinget var øvste dømmande myndigheit i kvar by, og vart samla berre éin gong i året. Bylova skildrar korleis bylagtinget for Bergen skulle setjast i Mariagildeskålen fyrste søndag etter trettande dag jul. Tre personar frå kvar fjerding (fjerdedel) av byen vart oppnemnde til å sitje i lagretten, og til saman var dei 24 personar (12 rådmenn og 12 oppnemnde) som dømte i saker som vart tatt opp på lagtinget. Til stades var også kongens ombodsmann (gjaldkeren), lagmannen og biskopens ombodsmann.

Gjaldkeren var kongens ombodsmann i byane, og spelte ei særleg viktig rolle i å sjå til at lov og dom vart etterfølgd i praksis. Det var mellom anna hans ansvar at det vart kalla inn til bymøte når nokon hadde behov for det og at tjuvar og valdsmenn ikkje rømde før saka mot dei vart handsama. I mange spørsmål om etterfølging av lovas forbod og påbod skulle han samarbeide med lagmannen eller rådmennene. Seinare i mellomalderen vart han omtala som byfogd.