Jula i byen - Julefreden

Arne Solli

Kapitelet byordninga i bylova opnar med lovreglar for Tomasmessedagen (21. desember). På denne dagen skulle det samlast til bymøte, det skulle setjast julefred og den varte i 3 veker. I julefreds-perioden auka bøter til det doble. Men skuldmenn fekk «amnesti» sidan gjeldssaker blei stansa. Mange av dagane i perioden var heilage, men på dei mellomliggjande kvardagane var det lov å arbeide. Men nokre aktivitetar var heilt forbodne. Det var ikkje lov å dra opp skip for lasting og lossing. Og særleg lossing av trelast nemnd, som tømmer og ved. Varer og gods som blei plassert på gata utan tilsyn, kan bli konfiskert av kongens mann. Alle hadde plikt til å halde gatene særleg ryddige i juletida.

På Bymøtet på Tomasmessedagen skulle også julevakta utpeikast. Julevakta var ein særskild gangvakt, lik den ordinære gangvakta. Men betalinga var høgare, finansieringa annleis og krav om vandel høgare enn den ordinære gangvakta. Julevakta skulle utnemnast av byfuten saman med rådmennene. Det kan vere at vaktstyrken var auka i jula.

Under julefreden var det portforbod. Julevakta kunne pågripe folk som braut portforbudet og setje dei i varetektsarrest. Der blei sitjande til dei fekk dom.

Bylova har likevel toleranse for at både menn og kvinner kan bli overstadig berusa i løpet av jula. Julevakta hadde plikt til å følgje drukne folk heim, rettleie dei, ikkje vill-leie dei. Dersom vektaren villeie ein døddrukken, skulle vektaren bøtleggjast. Dersom den festglade ikkje kunne gjere greie for kvar han eller ho budde, skulle vektarane føre «kone eller karmann» til nærast hus. Dersom nokon lurte til seg våpen eller klede frå ein berusa person, var dette rekna som tjuveri.

Tabell: Eksempel på Julefred og heilagdagar etter Bylova om Tomasmessedag fall på ein mandag
DatoVekedagJuledagDagMerknad
20. des.Søndag
21. des.MåndagTomasmessedag
Lysing av julefred
Julefred (3 veker)
22. des.Tysdag
23. des.Onsdag
24. des.Torsdag
25. des.Fredag1Juledag
26. des.Laurdag2Juledag
27. des.Søndag3Juledag
28. des.Måndag4Juledag
29. des.Tysdag5Juledag
30. des.Onsdag6
31. des.Torsdag7
1. jan.Fredag88. juledag
2. jan.Laurdag9
3. jan.Søndag10
4. jan.Måndag11
5. jan.Tysdag12
6. jan.Onsdag13Heilage tre kongar
13. juledag
7. jan.Torsdag14Julelagting?
julevakta avslutta
8. jan.Fredag15
9. jan.Laurdag16
10. jan.Søndag173 veker frå 21. des.
11. jan.Måndag18
12. jan.Tysdag19
13. jan.Onsdag20

Oversynet (tabellen) viser heilag- og kvardagane i ein jul dersom Tomasmesse fall på ein måndag. Dersom Tomasmesse fall på ein søndag, blei bymøtet flytta til 22. desember. Etter bylova var det heile fem juledagar, og alle fem like heilage. Den 8. juledag svarar til dagens 1. Nyttårsdag. Saman med heilagdagane og søndagane blei det få arbeidsdagar i jula. Julefreden skulle etter lova avsluttast 10. januar.