Året i byen
I Bylova tek eit nytt år til tidleg i januar, kring 7.–9. januar. Då møtte bylagtinget og det markerte starten på eit nytt år, rettsleg og administrativt. På dette lagtinget, ofte kalla julelagtinget, blei dei nye lagrettemennene svorne i eid, og funksjonstida til nye rådmenn, nemndemenn og andre ombod tok til. Alle viktige rettslege og administrative avgjerder blei fatta på bylagtinget. Det hadde lovgjevande funksjon.
I bondesamfunnet tok det nye arbeidsåret til den 14. april med sommarsida på primstaven. Dette var faredagen, då tenestefolk skifta arbeidsstad, og nye kontraktar om jordeigar og jordleigar blei inngått. Våronna kunne starte.
Mellomalderens bysamfunn og bondesamfunn hadde dermed ulike årshjul.
Julefreden varte ca. 3 veker frå 21. desember til 6. januar. Medan julelagtinget markerte slutten på Julefreden og ein ny start, var St. Tomasdag 21. desember avslutninga av året og starten på Julefreden. Bymøter kunne kallast inn ad-hoc, men bymøtet St. Thomasdag (21. desember) låg fast og var og tillagt viktige funksjonar. Dei som blei tekne i eid på bylagtinget i januar, var utpeika på bymøtet St. Tomasdag året før. Når alle lagrettemenn, rådmenn og nemndemenn var på plass, blei det lyst julefred og dermed fekk særskilde rettsreglar berre for julefreden fekk rettskraft. Bort på julefreden blei slått hardt ned på.
Bymøtet St. Tomasdag var ikkje eit «valmøte» i moderne forstand, men på møtet vart alle utpeikingar og utnemningar kunngjort. Kongens menn (gjaldker, syslemenn) hadde stor innflytelse på utnemning av nye medlemmar. Men lova sikra geografisk fordeling av ombodsmenn, og at gjaldkeren skulle utnemne dei som var best skikka. Dermed kan ein tolke dette som at bymøtet hadde ein kontroll-funksjon.
I rettssystem som bygger på «Common Law» er eit liknande årshjul med opprinnelse i mellomalderen. Frå 11–1200-talet i England kjenner ein til at rettsåret blei delt i fire periodar, der Hilary Term var den første. Den tok til tidleg i januar, og varte til påske. Hilary Term er namngitt etter St. Hilary og festdagen var 13. januar. Michaelmas var den fjerde terminen og blei avslutta i desember seinast Thomasmessedag. Mellom Michealmas og Hilary Term var jula.
Utanom bymøtet 21. desember og bylagtinget i Januar var det både rettsmøte og bymøter i løpet av året. Desse kunne kallast inn på kort varsel og etter vilkår gitt i bylova. Det var ulovleg å bere våpen til tings, med unntak av våpentinget som starta måndag etter midfaste (april). Til dette tinget skulle alle våpenføre menn (fri og fullmyndige menn) møte med sine lovlege våpen. Bøter venta dei som ikkje møtte.
I juni skulle byskatten betalast. Helst innan 29. juni, men betalingsutsetting var mogeleg.
Deler av byskatten skulle betale faste utgifter som byen hadde til vaktmannskap. Tårnvakta og gangvakta hadde faste lønningsdagar gjennom året. Også julevakta hadde faste lønningsdagar.